3 Då skal du ikkje høyra på det som ein slik profet eller drøymar seier. For Herren dykkar Gud vil berre prøva dykk og sjå om de elskar Herren dykkar Gud av heile dykkar hjarte og av heile dykkar sjel.
4 Herren dykkar Gud skal de følgja, og han skal de frykta. Hans bod skal de halda, og hans røyst skal de lyda. Han skal de dyrka, og han skal de halda fast ved.
5 Men denne profeten eller drøymaren skal straffast med døden fordi han lokka deg bort frå den vegen som Herren din Gud baud deg å gå. På den måten forførte han dykk til å gjera opprør mot Herren dykkar Gud, han som førte dykk ut frå Egypt og fria deg ut frå slavehuset. Såleis skal du rydda ut det vonde hos deg.
6 Det kan henda at bror din, son til mor di, eller son din eller dotter di, eller kona di som du tek i famn, eller den kjæraste venen din lokkar deg i løynd og seier: «Lat oss gå av og dyrka andre gudar» – gudar som korkje du eller fedrane dine har kjent,
7 gudar som folka omkring dykk dyrkar, anten nær ved eller langt borte, frå den eine enden av jorda til den andre.
8 Då skal du ikkje gje etter og ikkje høyra på han. Du skal ikkje visa han medkjensle og ikkje spara han eller dekkja han.
9 Nei, du skal ta livet av han. Lat handa di vera den første som blir lyft mot han for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa mot han.