9 Nei, du skal ta livet av han. Lat handa di vera den første som blir lyft mot han for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa mot han.
10 Du skal steina han i hel fordi han prøvde å lokka deg bort frå Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, frå slavehuset.
11 Og heile Israel skal høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer ei slik ugjerning blant folket ditt.
12 Det kan henda du høyrer nokon seia om ein av dei byane Herren din Gud gjev deg å bu i,
13 at det har stige fram svikefulle menneske hos deg og lokka dei som bur i byen og sagt: «Lat oss gå bort og dyrka andre gudar» – gudar som de ikkje kjenner.
14 Då skal du saumfara saka nøye, granska og spørja deg føre. Om det er sant og det blir stadfest at dette avskyelege er gjort hos deg,
15 skal du hogga ned folket i denne byen med sverd. Både byen og alt som er i han, skal du slå med bann og øydeleggja. Også buskapen skal du hogga ned med sverd.