1 De er born av Herren dykkar Gud. De skal ikkje skjera dykk eller raka dykk snaue over panna når de sørgjer over ein som er død.
2 For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Blant alle folk på jorda har Herren valt ut deg til å vera hans folk, hans kostelege eigedom.
3 Du skal ikkje eta noko som er avskyeleg.
4 Dette er dei dyra de kan eta: okse, sau, geit,
5 hjort, gasell, dådyr, steinbukk, antilope, villokse og villgeit.
6 Alle dyr som både har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta.
7 Men av dyr som anten jortar eller har klauver som er kløyvde heilt igjennom, skal de ikkje eta kamelen, haren og fjellgrevlingen, for dei jortar nok, men har ikkje klauver, og de skal halda dei for ureine.