16 kattugla, hubroen og slørugla,
17 pelikanen, åtselgribben og skarven,
18 storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.
19 Alle insekt som svermar, skal de halda for ureine. Dei må ikkje etast.
20 Men alle reine fuglar kan de eta.
21 De skal ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine så han kan eta det. Eller du kan selja det til ein framand. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.
22 Sjå til at du gjev tiend av avlinga di, alt det som veks på åkeren, år for år.