20 Men alle reine fuglar kan de eta.
21 De skal ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine så han kan eta det. Eller du kan selja det til ein framand. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.
22 Sjå til at du gjev tiend av avlinga di, alt det som veks på åkeren, år for år.
23 For Herren din Guds andlet, på den staden han vel ut til bustad for namnet sitt, skal du eta tienda av korn, ny vin og fin olje, og dei førstefødde dyra av storfeet og småfeet, slik at du kan læra å frykta Herren din Gud alle dine dagar.
24 Men om vegen er for lang for deg, så du ikkje maktar å bera med deg tienda som Herren din Gud velsignar deg med, og staden som Herren din Gud vil velja seg ut for namnet sitt, er langt borte frå deg,
25 kan du selja tienda for sølv. Ta sølvpengane i handa og gå til den staden som Herren din Gud vil velja seg ut.
26 Der kan du bruka sølvet til å kjøpa alt du måtte ønskja deg, storfe og småfe, vin og sterk drikk og alt det du elles måtte be om. Så skal du halda måltid framfor Herren din Guds andlet og gleda deg, du og huset ditt.