5. Mosebok
Kapitler 14:25-29
Bibelen 2011 Nynorsk
25kan du selja tienda for sølv. Ta sølvpengane i handa og gå til den staden som Herren din Gud vil velja seg ut.
26Der kan du bruka sølvet til å kjøpa alt du måtte ønskja deg, storfe og småfe, vin og sterk drikk og alt det du elles måtte be om. Så skal du halda måltid framfor Herren din Guds andlet og gleda deg, du og huset ditt.
27Du må heller ikkje gløyma levitten i byane dine, for han har ingen arv og del saman med deg.
28 Kvart tredje år skal du ta heile tienda av det du har avla det siste året, og samla henne i byane dine.
29Så kan dei koma og eta seg mette, både levittane, som ikkje har nokon arv og del med deg, innflyttarane, dei farlause og enkjene i byane dine, og Herren din Gud vil velsigna deg og alt arbeidet du gjer med hendene dine.