26 Der kan du bruka sølvet til å kjøpa alt du måtte ønskja deg, storfe og småfe, vin og sterk drikk og alt det du elles måtte be om. Så skal du halda måltid framfor Herren din Guds andlet og gleda deg, du og huset ditt.
27 Du må heller ikkje gløyma levitten i byane dine, for han har ingen arv og del saman med deg.
28 Kvart tredje år skal du ta heile tienda av det du har avla det siste året, og samla henne i byane dine.
29 Så kan dei koma og eta seg mette, både levittane, som ikkje har nokon arv og del med deg, innflyttarane, dei farlause og enkjene i byane dine, og Herren din Gud vil velsigna deg og alt arbeidet du gjer med hendene dine.