8 Svinet skal de òg halda for ureint, for det har klauver, men jortar ikkje. Kjøtet av desse dyra skal de ikkje eta, og skrottane deira skal de ikkje røra.
9 Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta.
10 Men de skal ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.
11 Alle reine fuglar kan de eta.
12 Men desse fuglane skal de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben,
13 glenten og alle slag falkar,
14 alle slag ramnar,