1 Sjuande kvart år skal du ettergje all gjeld.
2 Og slik er reglane for ettergjeving: Kvar den som har lånt ut noko til nesten sin, skal ettergje lånet. Han skal ikkje krevja inn noko frå sin neste og sin bror, for det er utlyst ettergjeving frå Herren.
3 Framande kan du krevja betaling av, men det du har til gode hos landsmannen din, skal du ettergje.
4 Det skal ikkje finnast fattige hos deg, for Herren vil velsigna deg rikt i det landet Herren din Gud gjev deg til eige for at du skal ta det,
5 så sant du fullt og heilt lyder røysta til Herren din Gud og trufast følgjer alle desse boda som eg gjev deg i dag.
6 For Herren din Gud vil velsigna deg, slik som han har lova deg. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv skal du ikkje låna. Du skal rå over mange folkeslag, men dei skal ikkje rå over deg.
7 Om det er ein fattig blant landsmennene dine i ein av byane i det landet som Herren din Gud vil gje deg, då skal du ikkje vera hardhjarta og ikkje lata att handa for den fattige bror din.