10 Gjev han villig, og ha ingen vonde tankar i hjartet når du gjev. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt ditt arbeid og alt du gjer med hendene dine.
11 Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: Opna villig handa for bror din, for dei som lid naud og dei som er fattige i landet ditt!
12 Når ein landsmann, ein hebrear, mann eller kvinne, blir seld til deg, skal han tena deg i seks år, men i det sjuande året skal du setja han fri og la han gå.
13 Og når du set han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.
14 Lat han få rikeleg med seg av småfeet ditt og av det som kjem frå treskjeplass og vinpresse. Slik Herren din Gud har velsigna deg, skal du òg gje han.
15 Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut. Difor gjev eg deg dette påbodet i dag.
16 Men seier slaven din at han ikkje vil gå ifrå deg fordi han held av deg og dine og har det godt hos deg,