20 År for år skal du og ditt hus eta dei for Herren din Guds andlet, på den staden Herren vil velja seg ut.
21 Men har dei ein feil, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud.
22 Du skal eta dei heime i byane dine. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort.
23 Men blodet skal du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!