7 Om det er ein fattig blant landsmennene dine i ein av byane i det landet som Herren din Gud vil gje deg, då skal du ikkje vera hardhjarta og ikkje lata att handa for den fattige bror din.
8 Nei, du skal opna handa di for han og låna han alt det han treng.
9 Ta deg i vare så ikkje denne vonde tanken får rom i hjartet ditt: «No lid det til det sjuande året, ettergjevingsåret», og så ser du med uvilje på den fattige bror din og gjev han ikkje noko. Han kunne ropa og klaga deg for Herren, og du gjer deg skuldig i synd.
10 Gjev han villig, og ha ingen vonde tankar i hjartet når du gjev. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt ditt arbeid og alt du gjer med hendene dine.
11 Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: Opna villig handa for bror din, for dei som lid naud og dei som er fattige i landet ditt!
12 Når ein landsmann, ein hebrear, mann eller kvinne, blir seld til deg, skal han tena deg i seks år, men i det sjuande året skal du setja han fri og la han gå.
13 Og når du set han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.