1 Akta på månaden abib. Då skal du halda påske for Herren din Gud. For det var i månaden abib, ved nattetider, at Herren din Gud førte deg ut frå Egypt.
2 Du skal slakta påskeoffer av både småfe og storfe for Herren din Gud, på den staden Herren vel ut og der han lèt namnet sitt bu.
3 Til offerkjøtet skal du ikkje eta syra brød. I sju dagar skal du eta usyra brød, trengselsbrødet, for i hast drog du ut frå Egypt. Såleis skal du så lenge du lever, minnast den dagen du drog ut frå Egypt.
4 I sju dagar må det ikkje finnast surdeig innanfor grensene dine. Og av det du slaktar om kvelden den første dagen, må ingen ting liggja over til morgonen etter.
5 Du har ikkje lov til å slakta påskeofferet heime i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg,