1 Akta på månaden abib. Då skal du halda påske for Herren din Gud. For det var i månaden abib, ved nattetider, at Herren din Gud førte deg ut frå Egypt.
2 Du skal slakta påskeoffer av både småfe og storfe for Herren din Gud, på den staden Herren vel ut og der han lèt namnet sitt bu.
3 Til offerkjøtet skal du ikkje eta syra brød. I sju dagar skal du eta usyra brød, trengselsbrødet, for i hast drog du ut frå Egypt. Såleis skal du så lenge du lever, minnast den dagen du drog ut frå Egypt.
4 I sju dagar må det ikkje finnast surdeig innanfor grensene dine. Og av det du slaktar om kvelden den første dagen, må ingen ting liggja over til morgonen etter.
5 Du har ikkje lov til å slakta påskeofferet heime i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg,
6 men berre på den staden som Herren din Gud vel ut, og der han lèt namnet sitt bu. Der skal du slakta påskeofferet om kvelden, når sola går ned, på same tid som då du drog ut frå Egypt.