14 Du skal gleda deg i denne høgtida, både du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di, levittane og innflyttarane, dei farlause og enkjene som bur i byane dine.
15 I sju dagar skal du feira høgtid for Herren din Gud på den staden Herren vil velja seg ut. For Herren din Gud skal velsigna deg og alt arbeidet ditt, alt du avlar og haustar inn, og du skal berre gleda deg.
16 Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren din Guds andlet på den staden han vil velja seg ut: i høgtida med usyra brød, ved vekefesten og ved lauvhyttefesten. Ingen må visa seg tomhendt for Herrens andlet.
17 Kvar og ein skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigninga Herren din Gud har gjeve deg.
18 I alle dei byane Herren din Gud gjev deg, skal du setja inn dommarar og tilsynsmenn for stammane dine, og dei skal dømma folket med rettferdige dommar.
19 Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot stikkpengar, for slike gåver gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett.
20 Rettferd, ja, rettferd skal du jaga etter. Då skal du få leva og ta i eige det landet som Herren din Gud gjev deg.