16 Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren din Guds andlet på den staden han vil velja seg ut: i høgtida med usyra brød, ved vekefesten og ved lauvhyttefesten. Ingen må visa seg tomhendt for Herrens andlet.
17 Kvar og ein skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigninga Herren din Gud har gjeve deg.
18 I alle dei byane Herren din Gud gjev deg, skal du setja inn dommarar og tilsynsmenn for stammane dine, og dei skal dømma folket med rettferdige dommar.
19 Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot stikkpengar, for slike gåver gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett.
20 Rettferd, ja, rettferd skal du jaga etter. Då skal du få leva og ta i eige det landet som Herren din Gud gjev deg.
21 Du skal ikkje setja opp nokon Asjera-påle, ikkje ein trestolpe av noko slag ved sida av altaret som du byggjer for Herren din Gud,
22 og heller ikkje reisa noka steinstøtte, for det hatar Herren din Gud.