19 Du skal ikkje vrengja retten og ikkje gjera skilnad på folk. Du skal ikkje ta imot stikkpengar, for slike gåver gjer vise menn blinde og øydelegg saka for den som har rett.
20 Rettferd, ja, rettferd skal du jaga etter. Då skal du få leva og ta i eige det landet som Herren din Gud gjev deg.
21 Du skal ikkje setja opp nokon Asjera-påle, ikkje ein trestolpe av noko slag ved sida av altaret som du byggjer for Herren din Gud,
22 og heller ikkje reisa noka steinstøtte, for det hatar Herren din Gud.