11 Dei vil forklara lova for deg, og den dommen dei kunngjer for deg, skal du halda deg til. Du skal ikkje vika av frå det dei kunngjer, korkje til høgre eller venstre.
12 Den mannen som er så eigenrådig at han ikkje høyrer på presten som står på denne staden og gjer teneste for Herren din Gud, eller på dommaren, han skal døy. Slik skal du rydda det vonde ut frå Israel.
13 Heile folket skal høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer noko eigenrådig.
14 Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, når du legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil setja inn ein konge, slik alle folkeslaga omkring meg har gjort»,
15 då kan du setja inn ein konge, ein mann som Herren din Gud vil velja ut. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein framand, ein som ikkje er landsmannen din.
16 Men kongen må ikkje skaffa seg mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt så han kan få seg fleire hestar, for Herren har sagt: «De skal aldri meir dra tilbake den vegen.»
17 Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner slik at han blir lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i store mengder.