15 då kan du setja inn ein konge, ein mann som Herren din Gud vil velja ut. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein framand, ein som ikkje er landsmannen din.
16 Men kongen må ikkje skaffa seg mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt så han kan få seg fleire hestar, for Herren har sagt: «De skal aldri meir dra tilbake den vegen.»
17 Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner slik at han blir lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i store mengder.
18 Når kongen har sett seg på trona, skal han få laga ein bokrull med ein kopi av denne lova, skriven av etter levittprestane.
19 Den skal han ha hos seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å frykta Herren sin Gud. Og han skal halda fast på kvart ord i denne lova og alle desse forskriftene og leva etter dei,
20 så han ikkje i hjartet sitt set seg høgare enn landsmennene sine og ikkje vik av frå bodet, korkje til høgre eller venstre. Då skal han og etterkomarane hans ha kongsmakta i Israel i lange tider.