3 ein som går bort og dyrkar og tilbed andre gudar, eller sola eller månen eller heile himmelhæren. Det har eg forbode.
4 Om dette blir sagt deg og du får høyra om det, då skal du granska saka nøye. Om det er sant og det blir stadfest at dette avskyelege er gjort i Israel,
5 då skal du føra mannen eller kvinna som har gjort ugjerninga, ut til byporten, og anten det er ein mann eller ei kvinne, skal du steina dei i hel.
6 Etter vitnemål frå to eller tre skal den skuldige straffast med døden. Etter vitnemål frå éin skal ingen bli straffa med døden.
7 Vitna skal vera dei første som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
8 Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan seia dom i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller skade, slikt som det er strid om i domstolane dine, skal du med ein gong gå opp til den staden Herren din Gud vil velja seg ut.
9 Der skal du gå til levittprestane og til han som er dommar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal kunngjera for deg kva som er rett i denne saka.