5. Mosebok
Kapitler 17:4-10
Bibelen 2011 Nynorsk
4Om dette blir sagt deg og du får høyra om det, då skal du granska saka nøye. Om det er sant og det blir stadfest at dette avskyelege er gjort i Israel,
5 då skal du føra mannen eller kvinna som har gjort ugjerninga, ut til byporten, og anten det er ein mann eller ei kvinne, skal du steina dei i hel.
6 Etter vitnemål frå to eller tre skal den skuldige straffast med døden. Etter vitnemål frå éin skal ingen bli straffa med døden.
7Vitna skal vera dei første som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
8 Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan seia dom i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller skade, slikt som det er strid om i domstolane dine, skal du med ein gong gå opp til den staden Herren din Gud vil velja seg ut.
9Der skal du gå til levittprestane og til han som er dommar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal kunngjera for deg kva som er rett i denne saka.
10Du skal retta deg etter den dommen dei kunngjer frå denne staden, den staden Herren vil velja seg ut, og trufast følgja alt dei seier deg.