5 då skal du føra mannen eller kvinna som har gjort ugjerninga, ut til byporten, og anten det er ein mann eller ei kvinne, skal du steina dei i hel.
6 Etter vitnemål frå to eller tre skal den skuldige straffast med døden. Etter vitnemål frå éin skal ingen bli straffa med døden.
7 Vitna skal vera dei første som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
8 Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan seia dom i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller skade, slikt som det er strid om i domstolane dine, skal du med ein gong gå opp til den staden Herren din Gud vil velja seg ut.
9 Der skal du gå til levittprestane og til han som er dommar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal kunngjera for deg kva som er rett i denne saka.
10 Du skal retta deg etter den dommen dei kunngjer frå denne staden, den staden Herren vil velja seg ut, og trufast følgja alt dei seier deg.
11 Dei vil forklara lova for deg, og den dommen dei kunngjer for deg, skal du halda deg til. Du skal ikkje vika av frå det dei kunngjer, korkje til høgre eller venstre.