1 Levittprestane, heile Levi-stammen, skal ikkje ha nokon arv og del med Israel. Dei skal leva av Herrens gåveoffer og hans eigedom.
2 Men dei skal ikkje ha nokon arv mellom brørne sine. Herren er arven deira, slik han har lova.
3 Dette har prestane rett til å krevja frå folket, frå dei som ber fram slaktoffer, anten det er okse eller sau: Presten skal ha bogen, kjevane og vomma.
4 Førstegrøda av korn, ny vin og fin olje og den første ulla av småfeet skal du òg gje han.
5 For Herren din Gud har valt ut Levi blant stammane dine for at han og sønene hans skal gjera teneste i Herrens namn til alle tider.
6 Om ein levitt dreg frå ein av byane i Israel der han held til, og han har lyst til å koma til den staden Herren vel seg ut,