14 Desse folkeslaga som du tek landet frå, høyrer på teikntydarar og spåmenn. Men deg kan Herren din Gud ikkje gje lov til slikt.
15 Ein profet som meg vil Herren din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på.
16 Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb den dagen de var samla der: «Lat meg aldri meir få høyra røysta til Herren min Gud eller få sjå denne veldige elden, for då må eg døy.»
17 Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier.
18 Eg vil la ein profet som deg stå fram, ein av deira eigne. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal forkynna for dei alt det eg byd han.
19 Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap.
20 Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet til andre gudar, då skal den profeten døy.