19 Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap.
20 Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet til andre gudar, då skal den profeten døy.
21 Det kan henda at du seier i hjartet ditt: «Korleis veit vi at eit ord ikkje kjem frå Herren?»
22 Om profeten talar i Herrens namn, men det han forkynner, ikkje hender og ordet ikkje blir oppfylt, då er dette eit ord som ikkje kjem frå Herren. Profeten har tala det eigenrådig. Du skal ikkje vera redd han!