3 Dette har prestane rett til å krevja frå folket, frå dei som ber fram slaktoffer, anten det er okse eller sau: Presten skal ha bogen, kjevane og vomma.
4 Førstegrøda av korn, ny vin og fin olje og den første ulla av småfeet skal du òg gje han.
5 For Herren din Gud har valt ut Levi blant stammane dine for at han og sønene hans skal gjera teneste i Herrens namn til alle tider.
6 Om ein levitt dreg frå ein av byane i Israel der han held til, og han har lyst til å koma til den staden Herren vel seg ut,
7 kan han gjera teneste der i namnet til Herren sin Gud, liksom alle brørne hans, levittane, dei som står for Herrens andlet.
8 Dei skal få like store delar å leva av, forutan det kvar og ein kan få om han sel fedrearven sin.
9 Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga der.