5. Mosebok
Kapitler 18:5-11
Bibelen 2011 Nynorsk
5For Herren din Gud har valt ut Levi blant stammane dine for at han og sønene hans skal gjera teneste i Herrens namn til alle tider.
6Om ein levitt dreg frå ein av byane i Israel der han held til, og han har lyst til å koma til den staden Herren vel seg ut,
7kan han gjera teneste der i namnet til Herren sin Gud, liksom alle brørne hans, levittane, dei som står for Herrens andlet.
8Dei skal få like store delar å leva av, forutan det kvar og ein kan få om han sel fedrearven sin.
9 Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga der.
10 Hos deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann,
11 ingen som driv med magi, spør gjenferd eller spådomsånder til råds eller søkjer hjelp hos dei døde.