7 kan han gjera teneste der i namnet til Herren sin Gud, liksom alle brørne hans, levittane, dei som står for Herrens andlet.
8 Dei skal få like store delar å leva av, forutan det kvar og ein kan få om han sel fedrearven sin.
9 Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga der.
10 Hos deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann,
11 ingen som driv med magi, spør gjenferd eller spådomsånder til råds eller søkjer hjelp hos dei døde.
12 For Herren avskyr alle som gjer slikt, og det er på grunn av dette avskyelege at Herren din Gud tek landet frå dei og gjev det til deg.
13 Du skal vera heilhjarta mot Herren din Gud.