1 Når Herren din Gud gjer ende på folkeslaga i det landet Herren din Gud vil gje deg, og du tek landet og buset deg i byane og husa deira,
2 då skal du skilja ut tre byar midt i landet ditt, i det som Herren din Gud gjev deg for at du skal ta det i eige.
3 Du skal måla opp avstandane og dela opp landet som Herren din Gud gjev deg til eige, i tre område, slik at kvar drapsmann kan rekka å rømma dit.
4 Dette er reglane om drapsmenn som kan rømma dit og berga livet: Det kan henda at nokon drep nesten sin av vanvare og utan å ha bore hat til han frå før,