12 då skal dei eldste i heimbyen hans senda folk og henta han heim att. Dei skal gje han over til blodhemnaren, og han skal døy.
13 Du skal ikkje visa han medkjensle. Slik skal du reinsa Israel for den synda som kjem frå skuldlaust blod, og då skal det gå deg vel.
14 Du skal ikkje flytta grensesteinane mellom deg og nesten din, dei som fedrane dine reiste på den eigedomen som du blir tildelt i det landet Herren din Gud vil gje deg for at du skal ta det til eige.
15 Eitt vitne åleine er ikkje nok til å fella ein mann i spørsmål om skuld eller lovbrot, same kva lovbrot han blir klaga for, men med vitnemål frå to eller tre skal saka stå fast.
16 Når eit vondskapsfullt vitne står fram mot ein mann og skuldar han for fråfall,
17 skal dei to mennene som saka gjeld, stiga fram for Herrens andlet for dei prestane og dommarane som då gjer teneste,
18 og dommarane skal granska saka nøye. Og skulle det visa seg at det er eit falskt vitne som har kome med usanne klagemål mot ein landsmann,