17 skal dei to mennene som saka gjeld, stiga fram for Herrens andlet for dei prestane og dommarane som då gjer teneste,
18 og dommarane skal granska saka nøye. Og skulle det visa seg at det er eit falskt vitne som har kome med usanne klagemål mot ein landsmann,
19 skal de gjera det same med han som han hadde tenkt å gjera med den andre. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
20 Resten av folket skal få høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer ei slik ugjerning hos deg.
21 Syn inga medkjensle: liv for liv, auge for auge, tann for tann, hand for hand, fot for fot.