3 Du skal måla opp avstandane og dela opp landet som Herren din Gud gjev deg til eige, i tre område, slik at kvar drapsmann kan rekka å rømma dit.
4 Dette er reglane om drapsmenn som kan rømma dit og berga livet: Det kan henda at nokon drep nesten sin av vanvare og utan å ha bore hat til han frå før,
5 som når ein mann går saman med ein annan ut i skogen og skal hogga tømmer, og han svingar øksa og vil fella eit tre, men øksa fer av skaftet og råkar den andre så han døyr. Då kan mannen rømma til ein av desse byane og berga livet,
6 så ikkje blodhemnaren i rykande sinne skal setja etter drapsmannen, nå han att fordi vegen er lang, og slå han i hel endå mannen ikkje var skuldig til døden. For han hadde ikkje tidlegare bore hat til den han drap.
7 Difor byd eg deg: Du skal skilja ut tre byar.
8 Og dersom Herren din Gud vidar ut grensene dine, som han med eid lova fedrane dine, og lèt deg få heile det landet han ville gje fedrane dine,
9 så sant du legg vinn på å halda alle boda og gjer det eg byd deg i dag, og elskar Herren din Gud og alltid går på hans vegar, då skal du leggja endå tre byar til desse tre.