7 Difor byd eg deg: Du skal skilja ut tre byar.
8 Og dersom Herren din Gud vidar ut grensene dine, som han med eid lova fedrane dine, og lèt deg få heile det landet han ville gje fedrane dine,
9 så sant du legg vinn på å halda alle boda og gjer det eg byd deg i dag, og elskar Herren din Gud og alltid går på hans vegar, då skal du leggja endå tre byar til desse tre.
10 For det må ikkje renna skuldlaust blod i det landet Herren din Gud vil gje deg til eigedom, slik at det kjem blodskuld over deg.
11 Men om ein mann ber hat til nesten sin og ligg på lur etter han, går laus på han og gjev han eit slag så han døyr, og han så rømmer til ein av desse byane,
12 då skal dei eldste i heimbyen hans senda folk og henta han heim att. Dei skal gje han over til blodhemnaren, og han skal døy.
13 Du skal ikkje visa han medkjensle. Slik skal du reinsa Israel for den synda som kjem frå skuldlaust blod, og då skal det gå deg vel.