1 Deretter snudde vi og tok vegen ut i ørkenen mot Sivsjøen, slik som Herren hadde sagt til meg. I lang tid vandra vi omkring i Se'ir-fjella.
2 Då sa Herren til meg:
3 «De har vandra lenge nok omkring i desse fjella. Ta no mot nord!
4 Du skal gje folket dette påbodet: De dreg no gjennom området til brørne dykkar, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Dei kjem til å bli redde dykk, men ta dykk i vare.