12 Før i tida budde det horittar i Se'ir. Men Esaus etterkomarar dreiv dei bort. Dei utrydda dei og busette seg der i staden for dei, på same måten som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eige.
13 «Bryt no opp og gå over Sered-bekken!» Og vi gjekk over Sered-bekken.
14 Tida for ferda vår frå Kadesj-Barnea til overgangen over Sered-bekken var trettiåtte år. Då hadde ein heil generasjon av krigarar i leiren døydd ut, slik Herren hadde svore.
15 Herren hadde vendt handa si mot dei, og han utrydda dei frå leiren, til siste mann.
16 Då alle krigarane i folket var døde,
17 sa Herren til meg:
18 «I dag skal du dra gjennom Moab-landet, gjennom Ar.