18 «I dag skal du dra gjennom Moab-landet, gjennom Ar.
19 Når du kjem bort imot ammonittlandet, skal du ikkje gå til kamp mot dei og ikkje utfordra dei. Eg vil ikkje gje deg noko av ammonittlandet, for det har eg gjeve i eige til Lots etterkomarar.»
20 Også dette blir rekna for refaittland. I gamle dagar budde det refaittar der; ammonittane kallar dei samsummittar.
21 Dei var eit stort og talrikt folk og høgvaksne som anakittane. Men Herren utrydda dei for ammonittane. Dei dreiv dei bort og busette seg der i deira stad.
22 Det same hadde han gjort for Esaus etterkomarar, som bur i Se'ir, då han utrydda horittane for dei. Dei dreiv horittane bort og busette seg i landet deira, og der har dei budd til denne dag.
23 Like eins gjekk det med avittane, som budde i landsbyane så langt som til Gaza. Kaftorane som kom frå Kaftor, utrydda dei og busette seg der i deira stad.
24 «Bryt no opp, dra i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender! Gå i gang og ta landet i eige. Gå til kamp mot han!