2 Då sa Herren til meg:
3 «De har vandra lenge nok omkring i desse fjella. Ta no mot nord!
4 Du skal gje folket dette påbodet: De dreg no gjennom området til brørne dykkar, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Dei kjem til å bli redde dykk, men ta dykk i vare.
5 Gå ikkje til åtak på dei! Eg vil ikkje gje dykk så mykje som ei fotbreidd av landet deira, for Se'ir-fjella har eg gjeve Esau til eige.
6 Maten de skal eta og vatnet de skal drikka, må de kjøpa av dei for pengar.
7 Herren din Gud har velsigna deg i alt du har gjort. Han har følgt deg på vandringa gjennom den store ørkenen. I førti år har Herren din Gud vore med deg, og du har ingen ting mangla.»
8 Så tok vi av stad, bort frå brørne våre, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, frå Eilat og Esjon-Geber, og tok ei anna retning, langs den vegen som fører til Moab-ørkenen.