24 «Bryt no opp, dra i veg og set over Arnon-elva! Sjå, eg gjev amoritten Sihon, kongen i Hesjbon, og landet hans i dine hender! Gå i gang og ta landet i eige. Gå til kamp mot han!
25 Frå denne dag vil eg la redsle og frykt for deg koma over alle folk under himmelen. Kvar og ein som høyrer om deg, skal bivra og skjelva.»
26 Frå Kedemot-ørkenen sende eg bod til Sihon, kongen i Hesjbon, med fredshelsing:
27 «Lat meg få dra gjennom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje vika av, korkje til høgre eller venstre.
28 Maten eg skal eta og vatnet eg skal drikka, kan du selja meg for pengar. Lat meg berre gå til fots gjennom landet,
29 slik Esau-sønene som bur i Se'ir, og moabittane i Ar gav meg lov til, til eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.»
30 Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss dra gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort han stivsinna og hardhjarta for å gje han over i dine hender, slik som han no har gjort.