28 Maten eg skal eta og vatnet eg skal drikka, kan du selja meg for pengar. Lat meg berre gå til fots gjennom landet,
29 slik Esau-sønene som bur i Se'ir, og moabittane i Ar gav meg lov til, til eg kan gå over Jordan og inn i det landet Herren vår Gud vil gje oss.»
30 Men Sihon, kongen i Hesjbon, ville ikkje la oss dra gjennom landet sitt. For Herren vår Gud hadde gjort han stivsinna og hardhjarta for å gje han over i dine hender, slik som han no har gjort.
31 Og Herren sa til meg: «Sjå, no har eg teke til å gje Sihon og landet hans over til deg. Gå i gang og ta landet i eige. Legg det under deg!»
32 Sihon kom til Jahas med heile hæren sin og ville møta oss til strid.
33 Herren vår Gud gav han i vårt vald, og vi vann over både han og sønene hans og heile hæren.
34 Samstundes tok vi alle byane hans, slo kvar by med bann og utrydda alle, både menn, kvinner og born. Ikkje éin lét vi overleva.