34 Samstundes tok vi alle byane hans, slo kvar by med bann og utrydda alle, både menn, kvinner og born. Ikkje éin lét vi overleva.
35 Berre buskapen tok vi med oss, og hærfanget i dei byane vi hadde teke.
36 Frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, og frå byen nede i elvedalen heilt til Gilead, fanst det ikkje nokon by med murar som var for høge for oss. Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.
37 Men ammonittlandet kom du ikkje nær, verken landet langs Jabbok-elva eller byane oppe i fjellet, alt slik Herren vår Gud hadde gjeve oss påbod om.