8 Så tok vi av stad, bort frå brørne våre, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Vi bøygde av frå vegen over Araba-sletta, frå Eilat og Esjon-Geber, og tok ei anna retning, langs den vegen som fører til Moab-ørkenen.
9 Då sa Herren til meg: «Du skal ikkje gå til strid mot moabittane og ikkje gå til åtak på dei. Eg vil ikkje gje deg noko av landet deira, for eg har gjeve Ar til eigedom for Lots etterkomarar.»
10 Før i tida budde emittane der, eit stort og talrikt folk, høgvaksne som anakittane.
11 Også dei blir rekna som refaittar, til liks med anakittane, men moabittane kallar dei emittar.
12 Før i tida budde det horittar i Se'ir. Men Esaus etterkomarar dreiv dei bort. Dei utrydda dei og busette seg der i staden for dei, på same måten som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eige.
13 «Bryt no opp og gå over Sered-bekken!» Og vi gjekk over Sered-bekken.
14 Tida for ferda vår frå Kadesj-Barnea til overgangen over Sered-bekken var trettiåtte år. Då hadde ein heil generasjon av krigarar i leiren døydd ut, slik Herren hadde svore.