1 Når du dreg ut i krig mot fiendane dine og får auge på hestar og vogner, ein hær som er større enn din, så ver ikkje redd dei. For Herren din Gud er med deg, han som førte deg opp frå Egypt.
2 Når de stiller opp til strid, skal presten stiga fram og tala til krigsfolket.
3 Han skal seia til dei: «Høyr, Israel! I dag går de til strid mot fiendane dykkar. Mist ikkje motet! Frykt ikkje, skjelv ikkje av redsle, lat dykk ikkje skremma av dei!
4 For det er Herren dykkar Gud som går med dykk. Han vil strida for dykk mot fiendane og gje dykk siger.»
5 Så skal tilsynsmennene tala til krigsfolket og seia: «Er det nokon som har bygd seg eit nytt hus, men ikkje vigsla det enno, kan han dra heim att, så ikkje ein annan skal vigsla huset om han fell i krigen.
6 Er det nokon som har planta ei vinmark, men enno ikkje teke henne i bruk, kan han dra heim att, så ikkje ein annan skal ta vinmarka i bruk om han fell i krigen.