14 Men kvinnene, småborna og husdyra og alt anna i byen kan du ta med deg som hærfang. Du kan ta for deg av dette hærfanget frå fiendane dine som Herren din Gud gjev deg.
15 Såleis skal du fara fram i alle byane som ligg langt borte frå deg og ikkje høyrer folkeslaga her til.
16 Men i dei byane som høyrer desse folka til, og som Herren din Gud gjev deg til eigedom, der skal du ikkje spara ein einaste levande skapning.
17 Du skal slå dei alle med bann og utrydda dei, både hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, slik Herren din Gud har bode deg.
18 Elles kunne dei læra dykk å ta etter alt det avskyelege dei sjølve har gjort for gudane sine, slik at de syndar mot Herren dykkar Gud.
19 Når du krigar mot ein by og må kringsetja han i lang tid før du kan ta han, skal du ikkje bruka øks på trea der og øydeleggja dei. Du kan eta av dei, men du må ikkje hogga dei ned. Er trea på marka menneske, så du må kringsetja dei òg?
20 Berre når du er sikker på at trea ikkje ber etande frukt, kan du øydeleggja dei. Du kan hogga dei ned og bruka dei til å byggja stillingar for å kringsetja den byen som er i krig med deg, heilt til han fell.