8 Tilsynsmennene skal halda fram og seia til krigsfolket: «Er det nokon som er redd og motlaus, kan han dra heim att, så ikkje hjartet til våpenbrørne hans òg skal smelta bort.»
9 Når så tilsynsmennene er ferdige med å tala til krigsfolket, skal dei velja ut hærførarar.
10 Når du dreg fram mot ein by og vil gå til åtak på han, skal du først by han fred.
11 Dersom byen tek imot fredstilbodet og opnar portane for deg, skal alt folket som finst i byen, vera slavar og tena deg.
12 Men dersom dei ikkje vil slutta fred, men føra krig med deg, skal du kringsetja byen.
13 Herren din Gud vil overgje han i dine hender, og du skal hogga ned alle mennene der med sverd.
14 Men kvinnene, småborna og husdyra og alt anna i byen kan du ta med deg som hærfang. Du kan ta for deg av dette hærfanget frå fiendane dine som Herren din Gud gjev deg.