1 Når nokon finn ein mann som ligg drepen ute i ope lende i det landet Herren din Gud gjev deg i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel,
2 skal dei eldste og dommarane dine gå ut og måla kor langt det er frå den drepne til byane omkring.
3 Dei skal slå fast kva for ein by som ligg nærast den drepne. Dei eldste frå denne byen skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid, og som aldri har hatt åk på seg.
4 Dei eldste skal leia kviga ned til ein bekk som aldri tørkar ut, på ein stad der marka korkje blir pløgd eller sådd. Der skal dei bryta nakken på kviga.
5 Så skal levittprestane koma. For dei har Herren din Gud valt ut til å tena han og velsigna i Herrens namn, og til å dømma i alle saker som gjeld tvistemål eller vald.