14 Men dersom du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må aldri selja henne for pengar eller fara åt med henne som ein slave, sidan du har fått viljen din med henne.
15 Det kan henda at ein mann har to koner, ei som han elskar, og ei som han mislikar. Han får søner med begge to, men den eldste er son til den han mislikar.
16 Når den dagen kjem at han skal fordela arven mellom sønene sine, må han ikkje dela som om son til den han elskar, var den førstefødde, til skade for den eldste, som er son til den han mislikar.
17 Han skal vedkjenna seg den førstefødde, som er son til den han mislikar, og gje han dobbel arvedel av alt han eig. For han var den første frukta av hans manndom, og førstefødselsretten høyrer han til.
18 Det kan henda at ein mann har ein trassig og opprørsk son som ikkje vil høyra på far sin og mor si og ikkje lyder dei, endå dei straffar han.
19 Då skal far hans og mor hans ta han med til dei eldste i byen, til byporten,
20 og seia til dei eldste i byen: «Denne sonen vår er trassig og opprørsk og vil ikkje lyda oss. Han er ein fråtsar og ein drankar!»