5. Mosebok
Kapitler 21:15-21
Bibelen 2011 Nynorsk
15Det kan henda at ein mann har to koner, ei som han elskar, og ei som han mislikar. Han får søner med begge to, men den eldste er son til den han mislikar.
16Når den dagen kjem at han skal fordela arven mellom sønene sine, må han ikkje dela som om son til den han elskar, var den førstefødde, til skade for den eldste, som er son til den han mislikar.
17 Han skal vedkjenna seg den førstefødde, som er son til den han mislikar, og gje han dobbel arvedel av alt han eig. For han var den første frukta av hans manndom, og førstefødselsretten høyrer han til.
18Det kan henda at ein mann har ein trassig og opprørsk son som ikkje vil høyra på far sin og mor si og ikkje lyder dei, endå dei straffar han.
19Då skal far hans og mor hans ta han med til dei eldste i byen, til byporten,
20og seia til dei eldste i byen: «Denne sonen vår er trassig og opprørsk og vil ikkje lyda oss. Han er ein fråtsar og ein drankar!»
21Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Du skal utrydda det vonde hos deg. Heile Israel skal høyra om det og bli gripne av redsle.