20 og seia til dei eldste i byen: «Denne sonen vår er trassig og opprørsk og vil ikkje lyda oss. Han er ein fråtsar og ein drankar!»
21 Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Du skal utrydda det vonde hos deg. Heile Israel skal høyra om det og bli gripne av redsle.
22 Når ein mann blir dømd til døden og han blir avretta og hengd opp på eit tre,
23 skal du ikkje la den døde kroppen hans bli hangande på treet, men gravleggja han same dagen. For den som blir hengd opp, er forbanna av Gud. Du skal ikkje gjera ureint det landet som Herren din Gud vil gje deg til eige.