6 Alle dei eldste i den byen som er nærast den drepne, skal vaska hendene sine i bekken, over kviga som dei har brote nakken på.
7 Og så skal dei stå fram og seia: «Hendene våre har ikkje rent ut dette blodet, og auga våre har ikkje sett det som hende.
8 Herre, gje forsoning til Israel, folket ditt, som du har fria ut! Lat ikkje skuldlaust blod hefta ved Israel, folket ditt!» Då får dei soning for blodskulda.
9 Slik tek du det uskuldige blodet bort frå deg når du gjer det som rett er i Herrens auge.
10 Det kan henda at du dreg i krig mot fiendane dine og Herren din Gud gjev dei over i dine hender så du tek nokon av dei til fange.
11 Mellom fangane ser du ei vakker kvinne som du trår etter og vil gifta deg med.
12 Då skal du føra henne inn i huset ditt. Ho skal barbera hovudet og klippa neglene