5. Mosebok
Kapitler 21:7-13
Bibelen 2011 Nynorsk
7Og så skal dei stå fram og seia: «Hendene våre har ikkje rent ut dette blodet, og auga våre har ikkje sett det som hende.
8Herre, gje forsoning til Israel, folket ditt, som du har fria ut! Lat ikkje skuldlaust blod hefta ved Israel, folket ditt!» Då får dei soning for blodskulda.
9Slik tek du det uskuldige blodet bort frå deg når du gjer det som rett er i Herrens auge.
10Det kan henda at du dreg i krig mot fiendane dine og Herren din Gud gjev dei over i dine hender så du tek nokon av dei til fange.
11Mellom fangane ser du ei vakker kvinne som du trår etter og vil gifta deg med.
12Då skal du føra henne inn i huset ditt. Ho skal barbera hovudet og klippa neglene
13og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og gråta over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne. Du skal vera mannen hennar, og ho skal vera kona di.